Mmm...! Mat og musikk!

 

Portugisisk rett, italienske dråpar og kubanske rytmar!

 

Fredag 16. mai

Bacalao tyder rett og slett torsk på spansk (på portugisisk bacalhau), men er nok i Noreg mest kjent som den portugisiske tomatiserte klippfiskretten med mellom anna poteter og lauk. Nokon tenkjer kanskje at bacalao passar best på kalde haust- og vinterkveldar, men eg vil med dette slå eit slag for bacalaoen som sommarleg festmat! Gjerne med litt ekstra chili i.Eg har sjølv hatt ganske stor suksess med denne brennheite portugisaren på 17. mai...

 

I glaset skjenker eg mengder med eselvin, som er kallenamnet på den deilige og rimelege barberaen Carussin Asinoi Barbera d'Asti. Ja, nettopp, den med eit eselhovud på etiketten.

 

På anlegget surrar Orishas, eit hip-hop/latino-band frå Cuba. Valet fell på deira tredje studioalbum "El Kilo".

Deilige rytmar og politiske tekstar, for dei som er gode nok i spansk til å forstå bodskapet, tilfører ekstra krydder til ein sommarkveld med torsk og esel.

 

Venleg helsing Siren Jørgensen, skodespelar mellom jobbar, og akkurat no ekstrahjelp hos Musikk i Skolen.


Eg utfordrar min herlege kollega Valborg Frøysnes i Molde.

 

 

Bacalhau til 4 personar:

1 kg ferdig utvatna klippfisk

1 kg poteter

2 store lauk

2-3 fedd kvitlauk(etter ynskje)

3-4 dl god olivenolje

1-2 boksar hermetiske tomatar

1/2 boks hermetisk paprika

1 boks tomatpuré

1 raud chili

Salt og pepper etter behov

Svarte oliven i skiver og finhakka persille til å strø på toppen

 

 

Slik gjer du det:

Vatn ut fisken til den er passe salt (avhengig av saltnivå 12 - 48 timar).

Fjern skinn og bein. Skjær opp fisken i bitar, ca. 5 cm. breie og 1 cm tjukke.

Skrell poteter, skjær desse og lauken i tjukke skiver.

Finhakk chili og kvitlauk.

Hell i halvparten av olivenolja i botn av kjelen, varm opp til det dampar av den og trekk kjelen av plata.

Legg lagvis klippfisk, poteter, lauk, tomat, paprika, kvitlauk, chili og resten av olivenolja.Kok opp, og la så alt småkoka på svak varme i ein drøy time, gjerne to, avhengig av kor tjukke potetbitane er.

Rist kjelen lett av og til, men ikkje rør rundt.

Server med eit dryss av opphakka svarte oliven og litt persille på topp.

 

Bom apetito!

 

PS: Bacalao smakar nesten endå betre dagen etter, så lag gjerne litt ekstra når du først er i gong!

Flere oppskrifter og musikktips finner du i

Musikk i Skolen er en del av: