Gulrotsuppe og grovbrød

- Litt hot inne når det er litt kaldt ute!

 


God kvardagsmat er bra for helsa, det er eg sikker på. Vinter i Noreg er jo sære greier, men årstida høver godt til innandørs bruk - i selskap med noko godt på fatet. Her kjem eit par av mine favorittar, dei er raske å lage og gode på smak! I tillegg har dei store rom for improvisasjon og at «man tager hvad man haver» frå kjøkenskåpa. 

 

Kjetil Almenning

Domkantor i Bergen domkirke menighet. Dirigent for Bergen Domkor og leiar av Bergen kirkeautunnale - Festival for kirkekunst og musikk. 

Gulrotsuppe: Nok til deg og eit par til

Ein neve gulrøter

Eit par fedd kvitløk

Minst ein halv chili, finhakka
Ein terning buljong, til dømes grønsaksbuljong
Ei spiseskjei fersk ingefær, raspa
Safta av ei appelsin
Litt fløyte er aldri feil
Krydder av ymse slag, til dømes

spisskummin, fersk basilikum,

salt og pepar. 

Litt grove brød: nok til eit par leivar

Ei god og enkel kvardagsbrødoppskrift med sånn cirka «halvparten tørt og halvparten vått». 


500 gram kveitemjøl
400 gram grovare mjøl, for eks grovbakst-blandinga til Mølleren
100 gram havregryn
Legg til eit par hundre gram frø og sånt, for eks solsikke-, lin- eller sesam-frø
Gjerne 50 gram kruskakli, om du vil vere på den sunne sida
Ein pakke tørrgjær
Eit par nyper salt

 

Bland alt det tørre godt i kjøkenmaskina, og ha eventuelt i ein liten dæsj nøytral olje. Ein treng omlag ein liter veske. Varm opp vatn, ha i litt honning om du vil. Halvparten av veska kan gjerne vere mjølk. Bland den litt varmare enn fingervarme veska med det tørre og elt godt. Dersom du må justere, hugs å spe med vatn heller enn med mjøl. Vått blandar seg i smeten mykje betre enn tørt. Deiga skal vere såpass blaut at du sidan lett kan kan tømme den over i smurte brødformer. Lat det heile heve under eit handkle eller eit lokk i ein times tid, før du så slår deiga ned. Etter dette skal den få heve ein halvtime til. Steik brøda på 200 grader i 55 minutt. La dei kvile ei god stund før du tek deg ein smakebit, så slepp du klissete brødkniv. Hald dei gjerne innpakka i kjøkenhandkle, så held skorpa seg fin i mange dagar. Digg til både frukost, nistepakke og kvelds!

Server gulrotsuppa i lag med ferskt brød, smør, ost og ein lys pilsner, eller hyllebærsaft for dei som heller vil ha sånt. 

Både under matlaging og servering anbefalar eg varmt Beady Belle si plate «Cricklewood Broadway». Nydelig kombo! Velbekomme!

Flere oppskrifter og musikktips finner du i

Kok gulrøtene i 6-7 desiliter vatn, i lag med buljongen. Når dei er møyre har du i finhakka chili og kvitløk pluss raspa ingefær. Mos heile greia med ein stavmiksar til alt er mjukt og pent. Ha i appelsinsafta og krydder medan du kokar opp igjen. Krydre etter smak, og la den stå og kose seg ei stund før du kan kose deg ei stund med den. 

Ein kan godt byte ut nokre av gulrøtene med andre rotfrukter, for eksempel søtpotet, litt sellerirot eller jordskokk. 

Musikk i Skolen er en del av: