Havrepannekaker med banan

 

 

4 dl havregryn

2 dl melk eller plantemelk

2 egg

1 banan

1 ts bakepulver

1 ss lønnesirup / honning / agave

1/2 ts salt

Bland alt i ein bolle og køyr røra glatt med en stavmikser eller i ein blender. La røra svelle i 10 min og steik i middels varm panne med smør. Nytast varme. 

 

Her er maten dandert av vennina mi Bente. Pannekakene smakar godt om enn dei vart litt brente.

Eg er oppvaksen i sveleland på Sunnmøre, og elskar vafler, pannekaker og bakverk. I heimen er det eg som bakar brød og kaker og mannen min som lagar middag. Eg er i grunnen best som gjest på kjøkkenet bortsett frå å om vi har kveite eller hjort i hus. I haust starta vi å fylgje bloggen greenbonanza som ledd i målsetniginga om “meatless weekdays”.

 

GreenBonanza er ein inspirerande blog med gode vegetaroppskrifter, bra for helsa, økonomien og klimaet. Denne oppskrifta er henta derifrå og er perfekt til frukost på senga eller som “nonsmat” når nokon kjem på besøk litt uventa. Vi et pannekakene med naturell yougurt og bær til, og sjølvsagt kaffi.

Listepop og pannekaker

I vår familie høyrer vi ikkje så mykje musikk til maten, men vi dansar medan vi lagar den særskild om store og små er i dårlig humør. Denne våren dansar vi til “Champagne Problems” av Dante/ Adiam, norske Broen og den svenske rapperen Silvana Imam. En venn har introdusert meg til dansk hiphop siste tida, og der er det også mykje fint. Sidan eg song samtidsmusikk på ungdomskulen og dedikerte musikklinja på vidaregåande til å høyre frijazz, har siste del av tjueåra og spotify gjort meg dedikert til popkultur.

 

Om Solveig Styve Holte

Solveig arbeider skapande og utøvande med dans og koreografi, uteksaminert med ein master i koreografi frå Kunsthøgskolen i Oslo. Avgangsarbeidet hennes “Lightness” tok form som ei bok, seks soloar til Museet for Samtidskunst og ei forestilling til Black Box Teater. Ho kjem frå Volda på Sunnmøre, og bur på Tøyen med familien sin i eit engasjerande nabolag.

Flere oppskrifter og musikktips finner du her:

Musikk i Skolen er en del av: