Mmm... Mat og musikk!

 

Pastasalat med folkemusikk og AC/DC

 

Fredag 6. juni

 

Ein gong i halvåret spelar ei av gruppene eg er med i på den lokale puben på Vikebukt (Puben heiter sjølvsagt Vikeplikt). Før vi reiser bort til puben er det obligatorisk øving heime hos oss, fordi vi utvidar besetninga i trioen med musikalske vennar desse kveldane. Då er det mykje lyd frå feler, gitarar, ein banjo, provisoriske trommer og sang for full hals på kjøkkenet vårt. Det har blitt ein tradisjon at eg serverer denne pastasalaten. Den er smakfull og god, og kan forberedast i god tid før musikantene kjem.

 

Repertoaret vi spelar består av folkemusikkinspirert musikk frå inn- og utland, samt ein del ac/dc på bass og balalaika. Dersom ein ikkje har øving samtidig som ein et denne retten, kan det anbefalast å høyre på ei gruppe som til dømes Mumford & sons.

 

Til denne retten passar det godt med kald øl, og eg likar godt Punk IPA.

 

Helsing Britt Elise Skram, Kulturskulelærar i Vestnes kulturskule og spelemann i ulike samanhengar.

 

 

Eg utfordrar min gode kollega Marit-Ellen Lund Salthammer til å dele sine tips neste fredag. Ho er ein dyktig pianist og sangar.

 

God helg !

 

 

Dette treng du til pastasalaten :

Ca 400 gram pastaskruar eller annan pasta

300-400 gram kjøttpålegg, eg brukte pepperonipølse, spekeskinke

og krydra skinke

1/2 purre

1 boks mais

Valnøttkjerner

Ein kan også variere dette med andre ingrediansar. Ost,

stangselleri, tomatar, sukkererter...

 

 

Dressing:

Eit beger creme fraiche

Ei pakke majones

Finhakka kvitløk etter smak, 1-3 båtar Litt sitronsaft Litt sukker

Litt salt Litt peppar

 

 

Slik gjer du det:

1. Kok pastaen. La den renne av og avkjølast.

 

2. Kutt opp pålegget og purreløken. Bland det saman med pasta, mais og hakka valnøttkjerner.

 

3. Bland saman creme fraiche, majones, finhakka kvitløk, sitronsaft, sukker, salt og peppar. Hell deretter dette over pastablandinga. La stå kaldt ei stund før det serverast.

 

Ha gjerne godt brød til. Håper det smakar!

 

 

Flere oppskrifter og musikktips finner du i

Musikk i Skolen er en del av: