Mmm... Mat og musikk!

 

 

Sjokoladekake i ein fei, med Hekla Stålstrenga på øyret

 

 

Fredag 13. juni

Flere oppskrifter og musikktips finner du i

Kake til helga? Kanskje skal det vere korkafe, eller korpset i bygda skal ha konsert med noko godt å ete i pausen. Dersom du er utøvar denne helga, kjem ofte denne pausen som ei overrasking. Ikkje nok med at ein har øvd på stykka sine i fleire veker, men plutseleg skal ein bake kake også. Dette blir gjerne gjort i siste liten med favorittsongane på spotify durande i kjøkkenet.

 

Eg syng veldig ofte, så det blit gjerne litt popmusikk til arbeidet, akkurat no er favorittane Marion Ravns "The minute" og Maria Menas "Fuck you". Ja, tittelen er visst så som så, men heime på kjøkkenet går dette heilt fint! Elles er eg også veldig begeistra for "Hekla stålstrenga"! Til produksjonen av akkurat denne kaka på bildet vart det imidlertid mykje musikk frå Phantom of the Opera, då eg nettopp har sett forestillinga - ei fantastisk oppleving, har musikken på hjernen!

 

Kaka er altfor varm til at ein kan legge på glasur når den kjem ut av ovnen, så dette er det perfekte tidspunktet å skifte til korpsuniform eller korantrekk ;) Kaka blir til i ein fei, og kan nytes med kaffe mens publikum utvekslar musikalske opplevingar! Dersom ein ikkje drikk kaffe kan eg gjerne anbefale Pærebrus fra Oskar Sylte :)


Eg har ein tendens til å ende opp med å lage sjokoladekake anten det er konsert, fest i barnehagen eller bursdag
 

Håpar det vil smake! God helg!

 

Helsing Marit-Ellen Salthammer - kulturskulelærar i Vestnes kulturskule, pianist, vokalist og kordirigent.

 

Eg sender stafetten vidare til min dyktige kollega og vokalist Janne Iren Holseter.

 

 

Sjokoladekake:

150 g smeltet smør

7,5 dl kulturmelk

6 dl sukker

1 ss natron

8 ss sjokoladepulver (f eks oboy)

10 dl hvetemel

 

Bland ingrediensane til ei jevn røre, sikt i melet gradvis. Steike den på 200 grader midt i ovnen i 25-30 min. (Min ovn - 28 min).

 

Glasur:

300 g melis

100g smeltet smør

4 ss sjokoladepulver

Litt sterk kaffe

3 ts vaniljesukker

 

Toppes med kakepynt :)

 

 

 

Musikk i Skolen er en del av: