Hopp til hovedinnhold
Musikk i skolen logo.

Ein ny læreplan sin framvekst og resepsjon: Refleksjonar over nylesing av Geir Johansens doktoravhandling «Musikkfag, lærer og læreplan» (2003)

Magne I. Espeland reflekterer i denne teksten rundt Geir Johansen sin avhandling fra 2003 om utviklingen av læreplanverket L97. Selv om denne teksten omhandler det gamle læreplanverket er det her flere interessante og relevante refleksjoner også i forbindelse med Fagfornyelsen og Kunnskapsløftet 2020. Espeland konkluderer med at verdien av slike prosesser er størst dersom fagmiljøene engasjerer seg aktivt for gjøre læreplanprosessene til faglige, fagdidaktiske og gjerne fagfilosofiske utviklingsprosjekt med en nasjonal ramme som kontekst og med det internasjonale musikkfaget som en viktig referanse.

“For cirka tjue år sidan reiste eg rundt i Noreg for å informera lærarar og andre om den nye musikkplanen i læreplanverket av 1997 (L-97). Lite visste eg i 1997 at Geir Johansen nettopp hadde starta opp doktorgradsprosjektet sitt, eit prosjekt som m.a. hadde følgjande siktemål: «Hvordan oppfatter lærere som underviser musikk i grunnskolen det musikkfaget de underviser i», og «hvordan påvirker implementeringen av en ny læreplan denne oppfatningen de to første årene i implementeringsperioden».

Når eg nå nyttar høvet til å reflektera litt over hendingar som fann stad for lenge sidan, så er intensjonen med det fleirsidig. For det første vil eg gjerne understreka at Geir Johansen sitt arbeid må sjåast på som et pionerarbeid innan norsk musikkpedagogisk forsking, og det fortener all den merksemd det kan få. Å undersøkja ein læreplan sin resepsjon hjå musikklærarar og deira tilhøyrande fagoppfatning er ikkje noko som skjer for ofte. Sjølv om den musikkpedagogiske forskinga Norden har gjort store framsteg dei siste tjue åra, er det relativt lite som er gjort innanfor det som Frede Nielsen omtala og drøfta som «musikkundervisnings rammefaktorer» (Nielsen, 1997). Kunnskap om tilhøvet mellom «bestemmelser» og «diskurser» burde vera heilt grunnleggjande for læreplanreformer, og sjølv om me har sett noko forsking i Noreg som har dette som tema, står framleis Geir Johansen sitt arbeid fram som unikt i ein nordisk samanheng.

I denne teksten har eg med utgangspunkt i Geir Johansen si avhandling frå 2003 reflektert litt over L-97-prosessen og ulike sider ved læreplanteksten sin framvekst og resepsjon. Eg håpar å ha godtgjort at eg i og for seg ikkje er negativ til nye læreplanar som er politisk initierte. Men verdien av slike prosessar er størst dersom fagmiljøa engasjerer seg aktivt for gjera læreplanprosessane til faglege, fagdidaktiske og gjerne fagfilosofiske utviklingsprosjekt med ei nasjonal ramme som kontekst og med det internasjonale musikkfaget som ein viktig referanse. Det er det me treng om me skal få eit musikkfag som både er i pakt med tida og som byggjer på det som har vore og som er erfart, – gjennom evolusjon og transformasjon meir enn revolusjon, for å sei det med Estelle Jorgensen (2003).”

Referanse

Espeland, M. I. (2017). Ein ny læreplan sin framvekst og resepsjon: Refleksjonar over nylesing av Geir Johansens doktoravhandling «Musikkfag, lærer og læreplan» (2003). In Festskrift til Geir Johansen. Norges musikkhøgskole. https://nmh.brage.unit.no/nmh-xmlui/handle/11250/2475572