Hopp til hovedinnhold
Musikk i skolen logo.

Kaupanger skule

Kaupanger skule er ein 1.-10. skule som ligg på Kaupanger i Sogndal kommune. Skulen har ca 200 elevar, og Kari Malmanger er musikklærar der i 60% stilling. Hausten 2022 var ho utlånt i 40% av stillinga si til Høgskulen på Vestlandet/Sogndal

Litt om skulen

Tidlegare rektor Geir Navarsete har hatt mykje å bety for at skulen har ein kultur for å leggja vekt på musikkfaget. Han var oppteken av musikk, og merkevarebyggjing. Vi har vore veldig stolte over skulen vår, fordi vi og får høyra utanifrå kor bra skulen er. At det mellom anna har vore satsa på musikk har vore med på å byggja skulen som ei merkevare og for at vi har sterk fellesskapskjensle og godt samarbeid. Det vert spennande å sjå om nye rektorar greier å halda på dette. 

Skulen er omkransa av skog og består av tre større bygningar som husar klasserom, kontor og gymsal mellom anna. Kaupanger er ei bygd i vekst, og bygningsmassen har behov for både vedlikehald og meir plass for å ta imot elevar i framtida. Per no er det ca 200 elevar på skulen.

Skulen har seks musikklærerar med realkompetanse i musikk.

Rammene for musikkfaget

Musikkrommet er relativt godt utstyrt. Dette har blitt bygd opp over mange år. Tre musikklærarar som no er pensjonerte gjorde mykje for å byggja opp musikkfaget og utstyrsparken på Kaupanger. Dei hadde kvar sine spesialområde: blokkfløyte/korps, song og band/gitar. Denne «driven» har blitt vidareført ved tilsetjing av nye lærarar. Den førre rektoren (Geir Navarsete) var veldig oppteken av song og musikk, og at dette måtte ein halda fram med på skulen.

Musikkrommet har klassesett med gitarar og melodika, diverse orff-instrument, boomwhackers, rytmeinstrument, bøtter (til bøttetromming), to piano og to el-piano, el-bass, el-gitar, trommesett og lyd-anlegg med mikrofonar. Vi har pultar og stolar (duo-pultar) og smart tavle, og det er golvplass bak i rommet der ein kan dansa og gjera aktivitetar. Der er og eit sceneteppe så ein kan laga til små forestillingar. (Men både pultar, stolar, sceneteppe og nokre av instrumenta ber etter kvart preg av slitasje og her trengst fornying.)

Eg har gjort mykje arbeid med å pynta musikkrommet med plakatar og «pynt» som også kan fungere som illustrasjonar for læring og visuelle hjelpemiddel. Til dømes har vi noteverdiane og c-durskalaen med solfa og boomwhackers-fargekodar i rommet.

Skulen er pressa på rom, men vi har kultur for å snu oss rundt og hjelpa kvarandre når det trengst. Om nokon skal ha tverrfagleg opplegg eller liknande og treng å få låna musikkrommet (eller andre delingsrom) ein dag, så strekker vi oss langt for å få det til.

Undervisningen

Kari har i år småskuletrinna i musikk, og samarbeider med to–fire andre musikklærarar som jobbar med mellom- og ungdomstrinn. Kari har utvida songkompetanse, dei to andre «hovedmusikklærerene» har høvesvis korps- og band-kompetanse.Det er ikkje sett av møtetid for oss kvar veke, men det vert sporadisk sett av tid til «fagseksjonar» der vi samarbeider om musikkseksjonen på skulen. Vedlikehald av utstyr, rydding musikkrom, fagutveksling og liknande. Men eigentleg samarbeider vi musikklærarane i nokså liten grad. Det er enno fleire på skulen som har musikk, og det som er bra med det, er at vi er fleire som syns faget er viktig, og kan støtta kvarandre og læra av kvarandre.

Skulen har ein konkret plan for musikkfagleg utvikling gjennom heile grunnskuleløpet, og har fordelt ansvar for dei ulike emnene i kompetanseplanen på små-, mellom- og ungdomstrinn i hht musikklærerane sin kompetanse.

Det vert mest grunnleggjande på småskulen og meir band og samspel lenger opp. Gitar vert gjerne brukt på mellomsteg og ungdomssteg. Elevane har ikkje musikk i 9. klasse, for å få meir tid i 8. og 10. per veke. Eg har fått lov til å utvikla meir systematisk kva vi jobbar med i musikk frå 1.-5. klasse på skulen vår dei siste åra. Mest for å kvalitetssikra at dei får kjennskap og erfaring med det mest grunnleggjande i musikk, meir praktisk enn teoretisk. Vi fokuserer meir på utøving enn på å kunne musikkhistorie, men litt notar lærer dei.

Musikkaktivitetar og -prosjekt

Fellessamlingar

Vi har alltid minst fem fellessamlingar i løpet av skuleåret, der ALLE på skulen møtest i gymsalen og syng i lag. Kvart trinn (småskule, mellomtrinn og ungdomstrinn) har ansvar for 1-2 fellessamlingar (ungdomsskulen har kun ei). Då øver dei inn noko/lagar underhaldning, bestemmer tema og allsongar. Tema er alt mogleg, men ofte tilpassa årstid/høgtid t.d. jul. I tillegg kjem Skolenes sangdag og BliMe-dansen som vi prøver å få heile skulen med på. Småskulesteget har i tillegg 3-4 songtimar i løpet av året der dei bare samlast (Kari lagar opplegg) og syng i lag. Allsongstunder rett og slett.

Musikal

I 2010 hadde vi eit kjempeprosjekt der heile skulen deltok i å setja opp musikalen «Grammatikk og kjærleik». https://youtu.be/jn5YXH93tVo (https://youtu.be/jn5YXH93tVo)

Vi var eit par lærarar som hadde fått utdelt musikalen (Notar, CD med musikk og singback, manus osb) på eit kurs, og vi fekk lyst til å gjera noko med det. Rektor Geir var positiv, og han søkte om pengar så vi mellom anna fekk råd til å leige kulturhuset i Sogndal og engasjere profesjonelle folk på lyd/lys. Vi hadde audition på alle solistrollene, og eit stor-kor (alle elevane på skulen), ulike grupper for dans, skodespel, scenearbeid, kulisser, kostyme, sminke og PR. Dette vart noko som var veldig samlande og elevane som var med (og vi vaksne) kjem aldri til å gløyma det. Men det var sjølvsagt veldig arbeidskrevjande, og for ungdomsskulen var det ikkje berre kjekt at elevar var med i ulike grupper og gjekk glipp av undervisning. Men vi kom i mål. Vi har snakka litt om å gjera noko liknande, men det har blitt med praten til no. Kan henda kan vi få til noko i litt mindre skala.

https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/grammatikk-og-kjaerleik-pa-nynorsksenteret (https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/grammatikk-og-kjaerleik-pa-nynorsksenteret)

Blokkfløyte

Kari fokuserer mest på puls, rytme, song, instrument og innføring av notar i småskulen, og startar med blokkfløyte på 3.-4.trinn.

Vi gjer «litt av alt» i dei fleste musikktimane. Alltid litt puls, rytme, solfa, song og dans. Blokkfløytene får dei ha med seg heim dei fyrste vekene, men det vart styr med dei som hadde gløymt att fløyta heime, så no øver vi mest på skulen. Til blokkfløyte brukar eg Jan Utbult sitt verk: Blåsbus, Sopranblockfløjt. Gøy med fin bakgrunnsmusikk på Spotify. Det vert fort fint å høyra på. Supplerer med litt YouTube-videoar viss eg finn. Ver leiken og entusiastisk og la elevane oppleve meistring. Då vert det kjempegøy. Eg brukar mykje flashcards med notar og videoar på YouTube med rytmeøvingar (finst masse av dette), og boomwhackers/solfa for å øva på tonetrinn. Har masse visuelle ting i klasserommet. Mykje songleikar, klappeleikar, songdansar for å m.a. øva pulskjensle.


Song, Syngende skule og Sangbanken

Kaupanger vart Syngende skule like før koronapandemien kom, og har ikkje fått brukt programmet i særleg grad endå. Vi kjem til å bruka sangbanken m.m. meir når omlegginga er klar og alle har fått tilgong til den nye versjonen. Her må vi ta ein omgong på fellesen for å minna om korleis ein loggar inn og presentere kva som finst der. Er jo ekstra gøy at vi kan sjå video der nokre av elevane våre er med. Eg personleg har ein nokså stor bank med musikkstoff etter kvart, så på skulen vår er det skjeldan problem å finna noko. Dersom ein klasse har eit tema dei jobbar med og ynskjer songar som passar, så spør dei meg. Av og til presenterer eg songar på kollegamøte, og eit par gonger har vi hatt «minikurs» der vi øver på songar/songleikar, men dette kan vi godt gjera meir av. Vi brukar KorArti og vi har ein del songbøker på skulen. «Sang i Norge» har vi klassesett av. For å ha songar og læremateriell må ein gjerne gjera jobben sjølv for å samla seg opp ein bank. Det må ein uansett tenkjer eg, fordi ein må læra songar og songleikar/dansar m.m. før ein kan ta det i bruk. Dette er jo praktisk materiale. Det nyttar lite for dei fleste å ha ei bok med notar når ein ikkje er så sterk i notelesing. Så å gå på kurs, sjå videoar, finna tips på nettet/nettressursar, dela og læra av andre lærarar og laga ting sjølv har vore min metode for å samla meg ein bank.

Det er ikkje kvar tysdag vi rekk song, men det er intensjonen min at det skal syngjast kvar tysdag på personalrommet. Det er litt ulikt korleis songane vert motteke. Vi har jo ulik smak når det gjeld musikk. Dei fleste syng, og eg har ikkje fått negative kommentarar så det fungerer vel greitt. Etter undervisning, seint på dagen er det no ofte at folk er trøytte og vil koma seg heim, så den heilt store energien uteblir kan hende. Men eg har trua på at å syngja i lag slik er positivt både for arbeidsmiljøet og for at kvar enkelt skal bli tryggare på å syngja. Det er tradisjon for å syngja på skulen. Vi syng alltid bursdagssong om nokon har bursdag (på personalrommet) og i særskilde høve vert det alltid dikta ein song (når nokon skal pensjonera seg t.d.). Skulen har sin eigen song som eg har skrive tekst på (melodien: Klovnesang av Hogne Moe), og den brukar vi mykje på skulen. Dei som syng mest med klassane sine er nok lærarane i 1.-4. klasse, og på mellomsteget syng dei framleis ein del. Ungdomssteget syng minst. Men dei lærarane som er glade i song og musikk syng med elevane sjølv om dei ikkje har musikk. Alle øver på allsongane til fellessamlingane og Skolenes sangdag. Vi har prøvd å ha «Månadens song» og vekessong på skulen, der eg jobba mykje med å finna songar som passa både for dei minste og med eit anna alternativ for dei eldste, men eg har inntrykk av at det ikkje vart brukt så mykje når det ikkje var eit konkret høve (fellessamling ol.) der songane skulle framførast/syngjast. Viss ein skal prioritera song må det vera noko konkret ein øver til, særleg gjeld dette dei eldste. Elles er det så mykje anna som hastar meir å jobba med. Eg tipsar om songar/musikkaktivitet som er fine å ha som avbrekk i timane, og songar til å læra engelsk t.d.

‘Sang og stemmebruk' på Høgskulen på Vestlandet, Sogndal

I stillinga på Hvl, Sogndal, er Kari involvert i etterutdanninga ‘Sang og stemmebruk'. Dette programmet kan ein studera om ein har generell studiekompetanse og siktar mot lærarar og andre som jobbar med song og treng kompetanse i song og stemmebruk.

Frå HVL: «Denne videreutdanningen passer for deg som er pedagog i skole, barnehage og kulturfelt, og tar for seg sang, stemmebruk og muntlig formidling i vid forstand. Videreutdanningen tar for seg sang, stemmebruk og muntlig formidling i vid forstand, både med fokus på stemmen som profesjonsredskap og gjennom musikalske og dramatiske metoder i ulike faglige kontekster. Sang og stemmebruk kan være en ressurs i arbeidet med så vel fellesskap og demokrati, som livsmeistring.»

Meir om faget her: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/sang-og-stemmebruk/ (https://www.hvl.no/studier/studieprogram/sang-og-stemmebruk/)

Vi har 11 studentar som jobbar både i skule, barnehage, kyrkje og eldreomsorg i haust. Vi tek føre oss song i mange ulike samanhengar, songteknikk og stemmebruk og god stemmehelse, mellom anna. Vi har og testa ut å ha 15-20 min lange allsongstunder på Campus HVL i Sogndal kvar gong det er samling på song og stemmebruk. Dette har vore veldig kjekt og vi har fått positive attendemeldingar frå dei som har delteke. Kva gjer det med oss at det vert song på arbeidsplassen? Dette skulle det ha vore forska på.

DeKomp

Høgskulen på Vestlandet har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å vera nasjonal koordinator for universitet og høgskular i Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnopplæringa. Dette er eit samarbeid mellom skuleeigar, skuleleiarar og lærarar, og universitets- og høgskulesektoren. Samarbeidet skal ta utgangspunkt i behovet til skulen for å utvikla kompetanse til alle sine tilsette. I haust er Kari inne i ein skule i Førde, som har valt musikkfaget som noko dei vil satsa på å utvikla.

Skulane (DeKomp) og barnehagane (ReKomp) har ulike område for kompetanseheving. Akkurat den skulen i Førde som eg er med på har valt musikk. Økta vi hadde med dei i haust var reint praktisk musikk-kurs der dei fekk læra songar og musikkleiar som var meint å kunna tas rett inn i praksis. Dei vil gjerne ha praktiske ting, men tanken er jo at dei skal bli betre i stand til å utvikla kompetansen sin sjølv. Så dei må og reflektera over sin praksis og tenkja på korleis dei skal inkorporera det dei lærer i meir varig praksis. Eg er litt ny på dette, så eg kan eigentleg ikkje så mykje om det enno, kva denne ordninga skal vera. Men vi er to som jobbar med akkurat den skulen.