Folkehelse og livsmeistring i musikkfaget: Ei kvalitativ undersøking om kva betyding musikk og musikkfaget kan ha for ungdomsskuleelevar i arbeid med det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring

Stockholm man with headphones
Vilde Husevåg Standal har i sin masteroppgave studert hvordan musikk og musikkfaget kan ha betydning for det nye tverrfaglige emnet folkehelse og livsmestring. Hvordan kan musikkfaget bidra til å gi elevene kompetanse i å mestre selve livet? Hun konkluderer med at musikk er en ressurs for ungdommer, og at skolen derfor må legge til rette for å oppleve musikk i musikklasserommet i større grad.
Hausten 2020 implementerast læreplanen etter fagfornyinga, og dette høve har Standal søkt svar på problemstillinga: «Kva betyding kan musikk og musikkfaget ha for ungdomsskuleelevar i arbeid med temaet folkehelse og livsmeistring?». Formålet med forskinga er å undersøke korleis ein kan legge til rette for det nye tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i musikkfaget, og kva kompetanse elevane kan tileigne seg her som vil ha betyding for dei i det å meistre sjølve livet.
Undersøkinga baserer seg på kvalitativ forsking, der eg har gjennomført tre fokusgruppeintervju, derav til saman ni 10. klasse-elevar har delteke. Dette er elevar som går på ulike skular, i ulike delar av landet, med ulik bakgrunn, erfaring og forhold til musikk. I forskinga har prestasjonspress og stress stått sentralt, og elevane har delt erfaringar om korleis dei opplever at dette påverkar kvardagen og helsa deira. I tillegg har dei reflektert rundt korleis musikken kan fungere som ein ressurs i møte med negativt stress, og kva dei tenker musikkfaget bør fokusere på for å lære elevar å forstå og handtere eigne og andre sine følelsar.
Med bakgrunn i intervjua har Standal funne at prestasjonspress og stress er noko mange ungdommar har problem med å handtere. Det er også viktig for ungdommar å vedlikehalde fasaden, og det å ikkje kunne vise sårbarheit er noko som gjer handteringa av prestasjonspress og stress enda meir krevjande. Eit interessant funn i studien er at dei fleste av informantane har eit bevisst forhold til bruk av musikk, og brukar den til å regulere, forstå og handtere eigne tankar og følelsar. Behovet for eit tema som folkehelse og livsmeistring er stort, og om ein klarar å ta tak i det på rett måte, meiner informantane at temaet kan vere verdifullt for elevar i grunnskulen. Dei uttrykker likevel skepsis til arbeid med temaet i musikkfaget av hovudsakleg tre grunnar: 1) det er utfordrande å få elevar til å opne seg; 2) læraren har ikkje tilstrekkeleg kompetanse; og 3) musikkopplevinga ein har heime blir ikkje den same i skulen. Samanfatta kan ein seie at musikk allereie er ein ressurs for ungdommar, og at skulen i større grad må legge til rette for det å oppleve musikk i musikklasserommet.
Referanse
Standal, V. H. (2020). Folkehelse og livsmeistring i musikkfaget: Ei kvalitativ undersøking om kva betyding musikk og musikkfaget kan ha for ungdomsskuleelevar i arbeid med det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring [Master thesis, OsloMet]. https://hdl.handle.net/10642/9126
